fortellingeromhenne.no
Ida si historie

Kort om boka

Om Okkupert kjærleik: «Kjem til å bli ein fin sommar skal du sjå, Ida. Mor som sprang rundt, pakka legefrakkane, passa på at munnsprayen og våtserviettane låg øvst i bagasjen, klappa meg på skuldra og meinte eg kom til å få det bra. Mor og far på tur ut for å redde verda. Blir ikkje fint, eg bit meg i underleppa, hovudet verkjer, blir ikkje fint, men eg gadd ikkje protestere. Ho la ikkje eingong merke til at eg hadde farga håret lilla. Signal. Ha det bra vennen.»

Ei mor og ein far som drar bort. Ein farfar som er død. Og ikkje minst: ein storebror Thomas som har fått seg kjærast og knapt har tid for andre. Ingenting er slik femten år gamle Ida ønskjer det, og ho innstiller seg på ein einsam sommar oppe i tenkjetreet, hutrande som ein duracellkanin. Men så dukkar Linn, jenta med Bowie-auga, opp, og Ida rømmer til Huset, den okkuperte bygningen der Linn held til saman med resten av kollektivet ...

(Kjelde: Bokomslag)

Bokfakta

Tittel: Okkupert kjærleik
Forfatter: Ragnfrid Trohaug
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
Utgitt: 2000

Publisert: 09.09.2009
KildenForeningen !les
© KILDEN. Spørsmål om opphavsrett rettes til KILDEN