fortellingeromhenne.no
Ida si historie

I tida: 1990-talet

I  romanen Okkupert kjærleik møter vi Ida, som veks opp på 1990-talet i Noreg. Dette var tiåret vi fekk Internett, graffiti vart definert om frå ungdomskultur til kriminalitet, og Noreg arrangerte OL på Lillehammer.

Det har blitt fleire måtar å vera ungdom på og eit større mangfald i ungdomskulturar (illustrasjonsfoto: iStockphoto).Det har blitt fleire måtar å vera ungdom på og eit større mangfald i ungdomskulturar. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Individualisering og heterogenitet er ord som går att i skildringane av ungdom på 1990-talet. Samanlikna med foreldregenerasjonen har ungdom i aukande grad kunna velje sosiale roller, tilhørsle og identitetar. Det har blitt fleire måtar å vera ungdom på og eit større mangfald i ungdomskulturar. Mange unge har fått større valfridom i høve til t.d. fritidsinteresser og yrkesval. Medan fokuset på klasse og klasseskilnader var viktig i samfunnet nokre tiår før, vart dette meir usynleg heilt mot slutten av det 20. hundreåret. Men dette inneber ikkje at kategoriar som klasse, kjønn og etnisitet har mista tydinga si.

Professor Harriet Bjerrum Nielsen skildrar det på følgjande måte i føredraget Ungdom, kjønn og likestilling: «Det er neppe noen tvil om at individualitet og originalitet er sentrale verdier for ungdom i dag. En side av dette er å være meget lydhør overfor hva man selv har lyst og ikke lyst til, og ikke gjøre ting for å være andre til lags. Man vil gjerne være populær, men ikke mistenkes for konformitet. I en slik kontekst blir alle sosiale merkelapper hva enten de dreier seg om kjønn, sosial klasse, etnisk og kulturell bakgrunn, seksuell legning eller noe helt sjette, vanskelige å håndtere. Samtidig betyr sosiale kategorier knyttet til klasse, etnisitet og seksualitet stadig mer i ungdommers liv. Især klasseforskjeller usynliggjøres i dag og forstås som stil. Ungdommer lever med kulturforskjeller inne på kroppen på en helt annen måte enn voksne i dag.»

Sjølvsikre og kritiske

Haldningar ungdommar har til kva kjønn inneber, endra seg i løpet av 1990-talet. Forskaren Kristinn Hegna har sett på endringar i kjønnsskilnader mellom ungdommar i dette tiåret, frå 1992 til 2002, i rapporten «Likestillingsprosjektets barn». Når det gjeld jenter, peikar ho på at spekteret for kva som var «lov», opna seg ytterlegare i desse åra, t.d. når det galdt seksualitet og utdanningsambisjonar. Forskarane fann teikn på at jentene var blitt meir sjølvsikre, aktive og valde det dei ville.

Negativt kroppsbilete og spiseproblem var langt meir utbreidd mellom jenter enn mellom gutar (illustrasjonsfoto: iStockphoto).Negativt kroppsbilete og spiseproblem var langt meir utbreidd hos jenter enn hos gutar. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Men ho såg óg at dei var blitt meir sjølvkritiske; med kontinuerleg vurdering av kropp, utsjånad og seg sjølve. Når det galdt tankar og kjensler knytt til kroppen, fann Hegna ein auke i to ulike grupper: Fleire gutar og jenter var blitt misnøgde med kroppen sin, men det var også ein auke i gruppa av ungdommar som var nøgde med eigen kropp. Negativt kroppsbilete og spiseproblem var langt meir utbreidd mellom jenter enn mellom gutar. Funna hennar gjekk med andre ord både i retning av «frigjering» og «innskrenking». Forskaren skriv: «En tredje dimensjon i bildet av endringer var at det så ut til at jenters lyst og evne til å ta egne valg, deres individualitet og selvstendighet også ble brukt til å velge det som var tradisjonelt kvinnelig. Økt selvstendighet og frihet til å velge endret ikke nødvendigvis handlingsmønstre».

Óg når det galdt gutar, peika resultata i delvis motstridande retningar. På den eine sida viste undersøkinga at gutane var mindre einsame, hadde større sjølvtillit, var meir nøgde med seg sjølve og eigen evne til å få vener, dei hadde fleire vener og kanskje større sosiale ressursar enn tidlegare. På den andre sida hadde det vore ein sterkare auke i psykiske vanskar, rusmiddelbruk og alvorleg kriminalitet mellom gutar, samanlikna med jenter.

Harriet Bjerrum Nielsen har også sett på kva kjønn tyder for barn og ungdom. Ho meiner dei få undersøkingane vi har om dette i dag, peikar mot at kjønn har blitt mindre eintydig på den måten at kjønn tyder ulike ting for ulike grupper av unge, det tyder ulike ting på ulike område i livet, og at tidlegare kjønnsoppdelte veremåtar no blir blanda friare i den einskilde personen. Ho meiner kjønn i stendig mindre grad har blitt ei samla pakke der alle delar skal peika i same retning.

Aksjonisme

Eit anna trekk ved dei siste tiåra, som ofte blir knytt til individualisering, er at medlemstalet i mange organisasjonar har gått ned. Dei store kollektive organisasjonane har fått mindre oppslutnad. Det politiske engasjementet hjå ungdommar endra seg ein god del frå 1970- til 1990-talet.

Husokkupasjon i Oslo (foto: Heidi Elisabeth Sandnes). Sjå flere bilder og les om aksjoner hos Vestbredden.Husokkupasjon i Oslo (foto: Heidi Elisabeth Sandnes). Sjå flere bilder og les om aksjoner hos Vestbredden.

Medlemstala i politiske ungdomsorganisasjonar fall frå omtrent 44 000 i 1977 til 23 000 i 1995, ifølgje regjeringa si stortingsmelding Oppvekst- og levekår for barn og ungdom i Norge (2001 –2002). Ein skal likevel passe seg for å setja likskapsteikn mellom samfunnsengasjement og medlemskap i organisasjonar. Stortingsmeldinga peikar nettopp på korleis ungdom bruka mange alternative uttrykksformer, som t.d. festivalar, demonstrasjonar, aksjonar og internettytringar. Det dreidde seg mykje om særleg aksjonsretta aktivitet, og mindre om dei meir konvensjonelle formene for politisk aktivitet, slik vi m.a. ser det i boka Okkupert kjærleik, der Ida møter ungdom som okkuperer hus.

Forelska i ei jente

Ida blir forelska i husokkupanten Linn og får dei første seksuelle erfaringane sine i løpet av boka. Broren til Ida mistenkjer at ho har fått seg kjærast, og går utan vidare ut frå at det er ein gut. Når sanninga kjem fram, trekkjer berre broren på skuldrene og synest det er kult at Ida har ein jentekjærast. 20 år tidlegare ville det sannsynlegvis ha vore ei vanskelegare forelsking. Fram til 1972 var homofili forbode ved lov i Noreg, og sjølv om denne lova ikkje vart handheva etter krigen, var homofili tabu. I takt med at homofile og lesbiske har drive politisk kamp for respekt og forståing, har også haldningar til homofili endra seg, og mange har fått eit friare tilhøve til seksualitet. Men sjølv om samfunnet er blitt meir ope for homofile og lesbiske, er det framleis slik at samfunnet forventar heteroseksualitet, og at mange har vanskelegare for å akseptera homoseksualitet fullt ut. For mange unge er det framleis slik at det kan vera ein vanskeleg prosess å erkjenne for seg sjølv og andsynes andre at dei ønskjer seg ein kjærast av same kjønn som ein sjølv.

(Tekst: Marte Ericsson Ryste)

Folketal

Det budde 4 233 116 menneske i Noreg i 1990.

Aktuelle lenker

Kilde: Statistisk sentralbyrå

(ssb.no)

Milepålar

Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering har desse punkta over viktige hendingar og lovar som kom i stand på 1990-talet:

  • 29. november 1992 ble Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering, forkorta til LLH, danna.
     
  •  I 1993 vedtok Stortinget partnarskapslova som gjev lesbiske og homofile par dei same rettane og pliktane som heterofile par har gjennom ekteskapet. Unnataket er rett til å adoptera barn og moglegheit til å inngå partnarskap i kyrkja.
     
  • I 1998 vart lesbiske og homofile inkludert i ein eigen antidiskrimineringsparagraf i arbeidsmiljølova. Unnataket er trussamfunn.

Nytt frå 1.1.2009 er at homofile kan gifta seg og inngå ekteskap på lik line med heterofile par.

Aktuelle lenker

Lesbe- og homsehistorien

(llh.no)

Felles ekteskapslov

(no.wikipedia.org)

Det uregjerlige begjæret

(kilden.forskningsradet.no)

Husokkupant

Utover det å skaffa ein stad å bu, er ofte husokkupasjon ei form for politisk aktivisme og protest. Slik blir ein husokkupant definert hjå Caplex: «En person som deltar i okkupasjoner av tomme leiligheter. Husokkupantbevegelsen avhjelper dels medlemmenes boligmangel på kort sikt, men ønsker først og fremst å sette søkelyset på boligspekulasjon og mangel på sosial boligbygging. Bevegelsen har vært særlig sterk i Nederland, Tyskland og Danmark, men er også blitt vanlig i Norge.»

Kjelder

Harriet Bjerrum Nielsen (2006): Ungdom, kjønn og likestilling. Foredrag holdt på den nordiske konferansen "Med fokus på kjønn er målet et likestilt samfunn", 9. februar 2006

Publisert: 09.09.2009
KildenForeningen !les
© KILDEN. Spørsmål om opphavsrett rettes til KILDEN