fortellingeromhenne.no
Hovedstruktur

Idas historie

Navn: Ida
Alder: 15 år
Om meg: Eg er hovudpersonen i boka Okkupert kjærleik, som er skrive av Ragnfrid Trohaug. Eg må bu hos Thomas, bror min, og den dumme kjærasten hans i sommar, sidan mamma og pappa er i Afrika og er hjelpsame som dei pleier, og farfar er død. Om berre det var meg og Thomas hadde det vore fint, men eg gidder ikkje vere der med kjærasten hans. Så planen er å tilbringe ein einsam sommar i tenketreet mitt. Men jenta med det lange håret og Bowie-auga (eit blått og eit brunt) bur i eit okkupert hus kor det er plass til meg og. Ho vil visst vere kjærast med meg sjølv om ho er to år eldre og veldig pen og syng i band. Det er kult å vere husokkupant, sjølv om eg gruer meg til politiet kjem og kastar oss ut.
Illustrasjonsfoto: Nina Rundgren

Fra: mamma [mailto:mamma@afrika.langtbort]
Sendt: 04. juli 2000 10:50
Til: Ida
Emne: Koss går det?

Hei Ida,
Koss går det med dykk? Du har det vel fint lag med Thomas og Maria? Klatrar de mykje? Her er det fint – vi har mykje å gjere, men det kjens bra. Har treft att nokon av dei vi jobba med i fjor, og det er kjekt.

Pappa helsar!
Klem frå mamma

_____

Fra: mamma [mailto:mamma@afrika.langtbort]
Sendt: 07. juli 2000 12:57
Til: Ida
Emne: VS: Koss går det?

Hei ungen min,
Sende deg ein mail for nokre dagar sidan, har ikkje hørt frå deg? Du kan vel skrive nokon ord?

Helsing mamma

_____

Illustrasjonsfoto: Nina Rundgren

Fra: Ida [mailto:ida@treet.no]
Sendt: 08. juli 2000 11:53
Til: mamma
Emne: SV: VS: Koss går det?

Går bra.

Ida

_____

Fra: mamma [mailto:mamma@afrika.langtbort]
Sendt: 15. juli 2000 12:09
Til: Ida
Emne: SV: SV: VS: Koss går det?

Fint! Vi har prøvd å ringe nokon gonger, det har vel Thomas fortald, men du er mykje ute skjønar eg? Thomas seier han trur du har fått kjærast, så spennande! Kva heiter han?

Helsing mamma

_____

Idas historie er skrive av Heidi Elisabeth Sandnes basert på boka Okkupert kjærleik. Illustrasjonsotografiane er teke av Nina Rundgren spesielt for denne utstillinga.

Foreldre

«Så reiser dei halve kloden rundt for å finne nokon å hjelpe, eg håper dei kjenner den gode hjelpekjensla, for det er difor dei reiser, for å kjenne seg gode, bra at dei tar i eit tak, klart det, det er krig, dei reddar liv, men eg er her åleine, det er ikkje krig, langt ifrå, men det er mi mamma og min pappa.» (s. 10)

Å bli forelska

«For eg stotrar meir enn vanleg; litt på avstand, fordi eg har skjønt at eg er forelska, stupforelska i eit langt hår som rasar frå rom til rom og sett alle liv på hovudet. Ikkje forelska i Mons med smilet, Ben med magen, André, Tromme-Christian, Ole-Mo med håret eller Elias som har opplesing av sine eigne dikt frå ein ølkasse i fellesrommet, men i Linn.» (s. 70)

Overfreakar

«– Kor har du lært desse datagreiene? spør ho. Bror min så klart, alt eg kan har eg lært av bror min, til og med det å kysse damer. Hang alltid over han og såg kva han gjorde; hadde verda kome på at det faktisk kanskje fanst jentedatafreakar, hadde eg vore utropt til overfreak, vil eg tru: […]» (s. 99-100)

Gutekyssing

«– Gutekyssing er ikkje mi greie, seier eg og gir han ølen.» (s. 113)

Publisert: 09.09.2009
KildenForeningen !les
© KILDEN. Spørsmål om opphavsrett rettes til KILDEN