fortellingeromhenne.no

Bokanbefaling: Unfun

Eg anbefaler Unfun : skandinavisk misantropi 3 – ei ubehageleg, morosam bok-splatter med hjerne. Boka er den tredje i ein trilogi av Abo Rasul (alias Mathias Faldbakken), dei to føregåande bøkene var The Cocka Hola Company og Macht und Rebel. I Unfun møter vi Lucy, ei svart, anarkistisk kvinne av den ugandiske ik-stammen, eit folk som ler i møte med negative kjensler. Og den eigenskapen har ho god nytte av, for Lucy sin kvardag er ikkje akkurat solskin og velstand.

Heilt i byrjinga av boka Unfun møter vi ein eg-person utan å bli gjort merksame på kva kjønn denne har. Karakteristikkane og tankane får i alle fall underteikna til å førestelle seg ein mann, men overraskande nok viser det seg at det er Lucy sitt hovud lesaren blir invitert inn i. Ho har to mildt sagt overaktive søner og ein eks det klikkar for når arbeidet med dataspelet han er produsent for, ikkje viser seg å gå heilt etter planen. Karen ber det talande namnet Slaktus, ein god indikator på valdsnivået i boka.

Det er lett å bli blenda av den eksplisitte handlinga, og gleda seg/grøssa over dette som eit pageturner-element i seg sjølv. Det er likevel ikkje dette eg vil tru ein sit att med på siste side; til det er vi for vane med sjokkeffektar, og det er dessutan altfor mykje grotesk humor innimellom. Det er Lucy sitt negative tilvere i verda som set merke, ynsket hennar om å vera ”eit vandrande nei” – noko ho ikkje klarar å gjennomføre i byrjinga av boka, men utover i handlinga med stor kraft.

(PS. Faldbakken er ein kontroversiell fyr, ein skal tola litt grove saker om ein les han.)

Hilde anbefaler

Hilde Cathrine Haug jobbar på desken i Klassekampen.  Ho har hjelpt oss med å tilretteleggje tekstar til nynorsk.

Unfun

Unfun : skandinavisk misantropi 3 ble utgitt på Cappelen Damm i 1998. Forfattar av boka er Abo Rasul (alias Mathias Faldbakken).

Aktuelle lenker

Les meir om Unfun hos Cappelen Damm

(cappelendamm.no)

Publisert: 09.09.2009
KildenForeningen !les
© KILDEN. Spørsmål om opphavsrett rettes til KILDEN