fortellingeromhenne.no

Bokanbefaling: Bryta om

Ei av mine beste leseopplevingar i år, har vore Bryta om av Åsa Anderberg Strollo. Det er ei sterk, sår og truverdig historie om Minna som skal begynna på gymnaset. Minna bur på Söder i Stockholm, men det er ikkje vanskelig å tenke seg at ho kunne budd i ein kva som helst by i Noreg. Minna vil begynna eit nytt liv der ho fiksar skulen og det sosiale, så kva er betre enn at skulen ho skal begynna på ligg ein bit utanfor byen?

Bryta om av Åsa Anderberg.

For Minna har ein løyndom, ein stor og skammelig løyndom. Mor hennar er sjuk og til tider innlagt på psykiatrisk med diagnosen schizofreni og borderline. Det verste er når mora ikkje er innlagt, men er heime og ikkje tek medisinane sine. Same dag som Minna begynner på skulen, kjem mora heim frå institusjonen. Ho held eit leven utan like, naboane klagar og snart er trugsmålet om å bli kasta på gata reelt. Korleis skal Minna skjula dette?

Lettare blir det ikkje av at ei av dei mest populære jentene frå gamleklassen dukkar opp som elev på den nye skulen. Minna er desperat, konstant blakk og konstant svolten. Minna har ingen støtte frå omverda. Far hennar stakk av då Minna var fem år, og sidan har Minna teke ansvar for mora. Minna ringer faren og han lovar å møta henne, men ting kjem heile tida i vegen. Han er oppteken av den nye familien sin. Kjærasten Eddie, som er nokre år eldre enn Minna, er stadig blakk, røyker hasj og drøymer om ei reise til Argentina for å finna far sin. Han vil at Minna skal droppa ut av skulen og følgja med han.

Alt er imot Minna der ho strevar for å ein gong klara å bli normal, få ei utdanning og ein ny sjanse. Dette er ei bok om ei jente sin desperate kamp for å overleva og for å skjula korleis ho eigentleg har det. Og når du trur at det ikkje kan bli verre, ja så er det nettopp det som skjer. I all si gru er boka samtidig svært realistisk og truverdig. Dette er litteratur som riv i sjela.

Boka kom først ut i 2007 i Sverige. Den blei nominert til Augustprisen (den svenske Brageprisen) og vann Stora Läsarpriset. Boka finst enno ikkje på norsk, med det er verdt bryet å lesa den på svensk.

Hausten 2009 kom Åsa Anderberg Strollo ut med den andre boka si, Blod, den er ikkje så genial som Bryta om, men heilt klart verd å lesa.

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (1976) er utdanna innan teater, journalistikk og dokumentarfilm. Etter fleire år i NRK er ho no forfattar på heiltid og bur i Stockholm. Reiser kvart år på turnear i Noreg og møter fleire hundre ungdommar, noko som ho ser på som ein viktig del av forfattarjobben. Debuterte i 1998 med romanen «Viss du vil», og alle bøkene hennar handlar om tøffe, sterke, såre og nokre gonger desperate jenter.

Aktuelle lenker

Forfattaren si heimeside

(ingelin.no)

Nettsida til bokserien om Engel Winge

(engelwinge.no)

Om boka

Bryta om er skrive av Åsa Anderberg Strollo og utgitt på Alfabeta förlag i 2007. Den er enno ikkje omset til norsk

Aktuelle lenker

Les meir på Åsa Anderberg Strollo si nettside

(anderbergstrollo.se)

Publisert: 11.09.2009
KildenForeningen !les
© KILDEN. Spørsmål om opphavsrett rettes til KILDEN